Eyvind Skeie kjem til Fitjar

Torsdag 27.feb kl. 19.30 vert det temakveld med Eyvind Skeie. Han er prest og forfattar og vil under tittelen "Troens sang, håpets tone", dele tekstar og tankar.

Som forfattar har Eyvind Skeie arbeidd med mange ulike uttrykk. Han har skrive dikt, songar, salmar, manuskript for fjernsyn, fagbøker, forteljingar og biografiar.
I ein periode på ti år arbeidde han med store TV-produksjonar for barn, mellom anna Portveien2 og Sesam Stasjon. Mange av songane hans har sunge seg inn i det norske folk, som «Tenn Lys» og «Nå er den hellige time».

Eyvind Skeie har også hatt eit internasjonalt engasjement. Ikkje minst knytta til Stefanusalliansen og kristne i Egypt.

Identiteten som prest har alltid vore sterkt til stades, ikkje minst gjeld dette bøker, refleksjonar, salmar og dikt knytt til mange av dei spørsmåla som sorga ber med seg.

–Vi møter alle sorgen på ulike måter gjennom livet. Ord og toner kan hjelpe oss til å leve i sorgens landskap, både med tårer og håp, seier Eyvind Skeie, som gler seg til å komme til Fitjar

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"