Velkomen som konfirmant i Fitjar kyrkje

Til alle som skal byrje på 9. trinn til hausten. No er det din tur. Din tur til å vera konfirmant! Ei tid til fellesskap og til å tenkje sjølv.

Velkomen som konfirmant i Fitjar kyrkje

KVA ER KONFIRMASJON?
Ordet konfirmasjon kan bety både «å stadfeste» og «å gjere sterk».
Eit høgdepunkt i konfirmasjons gudstenesta er når vi ber ei bøn for deg. I bøna ber vi Gud om å velsigne deg og å styrkje deg på din veg vidare i livet. Det viktigaste med konfirmasjonstida er å være ein del av eit fellesskap og bli betre kjent med den kristne trua. Konfirmasjonen er ei påminninga om at Gud i dåpen sa ja til å være ein del av ditt liv.

KONFIRMASJON ER FOR ALLE
Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja – både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig.
Alle menneske er ulike, og treng ulike tilpassingar. Uansett funksjonsevne har du rett til ei god konfirmanttid. Har du behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt med kyrkjelydspedagog Randi Lønning Matre på tlf: 95138562 eller e-post rama@fitjar.kommune.no. Saman med deg og føresettte finn me ut korleis me kan gi deg det beste tilbodet.

KONFIRMANTTIDA HOS OSS
Det er ulike samlingar i kyrkja gjennom året. Samlingane er i grupper rett etter skuletid. Samlingane startar med eit enkelt måltid. Me har og ofte tid til ein leik. På desse samlingane vil me utforske ulike tema om trua, bibelen, Gud, Jesus og Den heilage ande. Til hausten deler me ikkje etter klasse. Dei kan velje mellom  to alternativ til samling: 
1. Tysdagar kl. 14:15-15:45
2. Onsdagar kl. 14:15-15:45

FESTIVAL
Alle konfirmantane deltek på konfirmantfestivalen på Langevåg. Det er ein festival for regionen vår, med konfirmantar frå ulike stader i Sunnhordland. Denne festivalen er ein heil søndag i månadskiftet januar/februar. Det er innebandy- og volleyball turneringar og mange "plug and play" aktivitetar.


KONFIRMASJON OG DÅP
Er du ikkje døypt, og lurer på om du likevel kan bli konfirmert i kyrkja?  Klart du kan, og du er heller ikkje aleine! Over tusen ungdomar vert  døypt kvart år i forkant av konfirmasjonen. Du får god informasjon på førehand, og på sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste i ein fin seremoni.

PÅMELDING
Påmelding finn de under her. Dersom du ikkje veit alt som skal fyllast inn, skriv det du veit og send inn, så ordnar vi det som manglar seinare. Ynskjer de spesiell tilrettelegging ynskjer vi også informasjon om dette tidleg. Me treng også vite om allergiar, sidan me serverer mat på samlingane. 


INFORMASJONSMØTE TYSDAG 31.MAI kl. 17.30 I FITJAR KYRKJE
Dette er for føresette og konfirmanten. Velkommen til alle som vil eller lure på om dei vil vere konfirmant i kyrkja!


Påmelding på nett www.kyrkja.no/fitjar
Frist for å melde seg på er 10.juni

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"