Saman med eit kammerensemble av profesjonelle musikarar frå Stavanger symfoniorkester framfører koret den fengande messa «Gloria» av Antonio Vivaldi. I tillegg får du høyra ei rekke stykke av komponistar som Bach, Mozart, Gounod, John Rutter og Frode Fjellheim.
Konserten blir leia av den faste dirigenten til Stordkoret, Liv Kari Bru. Stordabuen Eirik Stangenes er konsertmeister og Ingjerd Kannelønning Kolstad solist i Gloria. På ein duett får ho også med seg Johanne Rolfsnes. Klaverakkompagnement ved Noah Wibe.