Ledig stilling

Fitjar kyrkje lyser ut ei stilling som kyrkjelydsprest/barne- og ungdomsprest. Sjå utlysinga og ta kontakt om du er interessert!

Fitjar kommune, med sine ca. 3200 innbyggjarar, har eitt sokn.  Fitjarbygda ligg sentralt til mellom Bergen og Haugesund. Bygda har rikt kulturliv og vakker natur som legg til rette for ei aktiv fritid.  Soknet har ei`kyrkje som ligg i Fitjar sentrum.  I kyrkjelyden er det svært stor oppslutning om gudstenester, andre arrangement og frivillig arbeid.  Staben i kyrkja består for tida av sokneprest, kyrkjeverje, kantor, kyrkjelydsprest og kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar. 


Fitjar kyrkjelyd sin visjon er: «Nær Kristus – nær menneske»


Me har denne stillinga ledig:

Kyrkjelydsprest / Barne - og ungdomsprest   – 100%  fast stilling

Arbeidsoppgåver

 -  Arbeid med trusopplæring 0 – 18 år

 -  Konfirmantarbeid

 -  Anna barne – og ungdomsarbeid

 -  Gudstenester

 -  Kyrkjelege handlingar

Utdanning/kvalifikasjonar

 -  Relevant utdanning som cand. theol. med praktikum eller tilsvarande

Personlege eigenskapar

 -  Evne til å kommunisera med ulike aldersgrupper, særleg barn og ungdom

 -  Gode evner til å samarbeida med tilsette og frivillige, lag og organisasjonar

 -  Evne til å arbeida sjølvstendig og fleksibelt

 -  Ynskje om å vera med å bygga og styrka kyrkjelyden i Fitjar

Me kan tilby:

 -  Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regulativ og tariffavtale i KA

 -  Pensjonsordning i KLP

 -  Samarbeid i ein stab med stor arbeidsglede og godt humør

Den som vert tilsett må kunna uttrykkja seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg. 

Målforma i Fitjar kyrkjelyd er nynorsk.

Det er ønskjeleg , men ikkje eit krav,  at dei som arbeider i kyrkjelyden er busette i Fitjar.

Det vert sett krav om medlemsskap i Den norske kyrkja

Ved tilsetjing vil det verta kravd politiattest

For stillingsannonse og søknadsskjema, sjå lenkjer under her.

Søknadsfrist 5.1. 2018

Søknad med CV kan sendast til arbeidsgjevar:

Fitjar sokn, Pb. 10, 5418 Fitjar.

kyrkja@fitjar.kommune.no

Nærare informasjon om stillinga er råd å få hos kyrkjeverje Harald Rydland tlf. 913 47 802.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Tysdag, Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no