Fitjar kyrkje 150 år

I 2017 er Fitjar kyrkje 150 år. No er det tid for å feire. Det kjem meir informasjon om programmet. Følg med!

No er me godt i gang med feiringa av Fitjar kyrkje sitt 150-årsjubileum. I kyrkjebladet som kom i desember, fekk de ei brosjyre med program for jubileumsåret. Me er takksame for arbeidet Aud Gloppen har gjortmed denne brosjyren og blant anna med å laga logoen vår, som vist øvst til høgre på sida.

Det er mange kjekke arrangement å ta del i - noko musikk, noko lett underhaldning, litt kunst, temakveldar, noko for born og unge, og sjølvsagt gudstenester. Det heile vert avslutta med ei jubileumsgudsteneste med biskop Halvor Nordhaug. På denne sida, legg me ut bilete, nyhende og kalenderhendingar.

Nyhende jubileumsåret

Det skjer mykje i jubileumsåret, som starta i november 2016. Torsdag i neste veke får me besøk av Ryfylke Livsgnist i kyrja. Dei kjem for å framføre kabareten "Luther med Latter". Det kjem meir informasjon om dette.

Les meir

Fakta om det nye orgelet

I samband med 150 års jubileet for Fitjar kyrkje i 2017 får Fitjar kyrkja nytt orgel. Orgelet vert bygd av Ålems orgelverkstad AB. Bygging starta i januar 2016 hos Ålems i Sverige. Orgelet skal stå ferdig i Fitjar kyrkje våren 2017.

Les meir